Det beste frå gårsdagen, kombinert med moderne teknologi og smarte løysingar

ZIK-ZAK og Parken Bustadtun representerer vår tankegang rundt bustadprosjekt: Vi ønskjer å bygge moderne og framtidsretta bustadar og sosiale nabolag.

PARKEN

 Piletune, Parken bustadtun

Piletune, Parken bustadtun

I Parken Bustadtun henta vi inspirasjon av den gamle buforma klyngetun. Vi ser dette som ein god måte å bygge bustadar på. Ved å bygge rundt eit sentralt, bilfritt tun vil du alltid sjå lys i vindauga rundt deg. I tillegg får ein gode leikeplassar og møteplassar for bebuarane i dette indre tunet. Dette er med på å skape sosiale, gode bustadområder.

Dei forskjellige bygningane er plassert i ulike vinklar som gjer at det blir luft og utsikt mellom bygningane. Samtidig gjer dette at det blir lunt og triveleg inne i tunet.

Ein viktig faktor i dette er at ein får gode, sosiale område. Samtidig får kvar bustad sin eigen private uteplass. Slik at du sjølv kan bestemme når du vil nyte sola saman med naboane i tunet, eller på din eigen terrasse.
Ferdig utbygd vil Parken Bustadbun vere ein eigen landsby i byen, med fire slike klyngetun.

Eksterior_Piletunet_v4_R-1600.jpg


Sosialt og sentrumsnært
Parken Bustadtun blir eit nabolag der du får mange gode naboar og barn vil finne mange leikekameratar. Ungane kan boltre seg i det fantastiske nærområdet med Hafstad Idrettspark, og kort veg til klatrepark og Førdehuset. Her bur du mellom Sentralsjukehuset og sentrum, med korte avstandar begge vegar. Næraste matbutikk og barnehage går du til på to minutt. Innvendig har bustadane spennande løysingar og detaljar som store karnappvindauge, kvistvind-auge og takvindauge.

Vi hadde ei god kjensle når vi planla Parken, fordi vi var trygge på at klyngetun plassert ved Hafstad Idrettspark gjer dette til ein god stad å bu: Landleg og grønt, stille og -roleg, men i gangavstand til både sentrum og sjukehuset.

Responsen frå kundane viser at vi trudde rett: Parken er eit godt område å bu i. Til no har vi selt 54 bustadar i Kastanjetunet og Piletunet – dei første byggetrinna i Parken Bustadtun.


ZIK-ZAK

ZIK-ZAK – ein meir sosial måte å bu på
Terrasseblokka ZIK-ZAK blir bygd på bustadområdet B10, det nest siste området i reguleringsplanen for Falkenstein.

Falkenstein er eit godt etablert bustadområde, på Førde si solside. Her bur du fredeleg og landleg, nokre minutt gange unna matbutikk, handelssenter, frisør, helsetilbod, trening, Førdehuset, restaurantar og mykje meir.

ZIK-ZAK på Falkenstein

 Falkenstein ZIK-ZAK Førde

Falkenstein ZIK-ZAK Førde

ZIK-ZAK – der ein møtast litt oftare
ZIK-ZAK er inspirert av fenomenet cohousing: Dette med å kombinerer private bustadar med gode, sosiale fellesrom, der naboar møtes og pratar saman oftare enn i ei vanleg bustadblokk.

Måten vi bur på påverkar oss meir enn vi trur. I dag er dette med einsemd eit vaksande problem. Jo meir vi lukkar oss inn i vår eiga vesle verd, jo større er sjansen for at vi føler oss einsame. Cohousing søker å skape ein meir sosial måte å bu på. Eit cohousing-bygg har mykje til felles med eit vanleg bustadblokk. Du får også her di eiga leilegheit, som er din private arena. Men du får også noko meir: Gjennomtenkte fellesareal, laga for at det skal vere enkelt å vere sosial med naboen – når ein ønskjer det.

Dette gjer vi fordi vi veit at det å møte og snakke med andre menneske gjer noko med oss. Praten over hagegjerdet er like gamal som menneske sin trong til å samle seg i nabolag. Og den svann kanskje litt hen bak gjerder og hekkar etterkvart.

GravdalFalkenstein_B10_v8-1600.jpg

Vi ønskjer å legge til rette for møter mellom menneske. Nokre gangar den lange og gode praten over ein kopp kaffi, andre gangar ein kjapp prat ved postkassa. Med bustad i ZIK-ZAK er det meste lagt til rette for at ein kan bu sosialt, ved at vi lagar vi gode møteplassar mellom bebuarane, ute som inne.

ZIK-ZAK får til dømes ein romsleg foajé, bygd for å vere ein uformell møteplass. Her hentar bebuarane posten sin, og her kan dei slå seg ned med ein kopp kaffi saman med naboen. Fellesrommet kan kvar bebuar leige når dei sjølv treng eit samlingslokale, eller sameiget kan nytte det til sosiale aktivitetar. Sameiget får også eit gjesterom med bad, som bebuarane kan leige når dei treng ekstra rom til gjestar.

Vi trur løysingane i ZIK-ZAK legg grunnlaget for eit godt bumiljø og eit sosialt naboskap. Og samtidig har du eit flott, moderne leilegheit å trekke deg tilbake til, med store vindauge, ekstra takhøgd i stove/kjøkken og gode planløysingar. Dette er din private arena, der du kan trekke deg tilbake og slappe av. Og ikkje minst får alle leilegheiter eigne store terrassar, som ligg sørvendt med fantastisk utsyn over Førde.

Kombinasjonen av din eigen private oase og flotte fellesareal gjer ZIK-ZAK til ei flott stad å bu, der du både kan nyte stillheit og fred, og sosialt samvær.

ZIK-ZAK er ein salssuksess, med 16 selde leilegheiter på få dagar etter lansering, noko som viser at vi i Gravdalgruppa tenker rett når vi utviklar bustadar for framtida.


Gravdalgruppa bygger framtidas bustadar – i dag!

Gravdalgruppa sin visjon er å vere samfunnsbyggande til glede for våre tilsette, kundar, leverandørar og våre lokalsamfunn. Vi jobbar etter LEAN-prinspippet: Veltrimma produksjon der ein eliminerer sløsing, og har fokus på kunden si oppleving av produktet. Enkelt sagt: Vi skal skape gode bustadar og bygg, så effektivt som råd.

Gravdalgruppa er ein av dei leiande aktørane innan bustadbyggebransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland. Hovudaktiviteten er totalentreprisar innan privat sektor, men vi bygger også omsorgsbustader, skular og barnehagar til offentleg sektor. Gravdalgruppa sel i eit normalår ca. 50 leilegheiter, tomannsbustader og rekkjehus. Vi har eigne tømrarar og er godkjent lærebedrift i tømrarfaget. Vårt hovudkontor ligg i Førde, med avdeling i Bergen. Vi er per i dag ca. 50 tilsette.

Asbjørn Osland