Sommarjobb gav viktig erfaring til studentar på Høgskulen på Vestlandet

I sommar hadde Gravdal Bygg tre studentar frå byggingeniørlinja til Høgskulen på Vestlandet (HVL) i praksis. Der fikk dei gode erfaringar å ta med vidare i studiet.

MartaOgMartinus2.jpg

Martinus Sørvik Hallberg og Marta Hugøy Sandnes brukte fire veker av sommarferien hos Gravdal Bygg. Eit val dei er godt nøgde med.
– Det var flott å ha sommarjobb der! Lærekurva var bratt, men det er kjekt. Dei var flinke til å følgje oss opp, og vi kunne alltid spørje om råd. Eit av faga eg interesserer meg meir for er prosjektleiing. Eg fikk vere med deira prosjektleiar, og fekk prøve mykje av det ein prosjektleiar skal gjere. Det gav verdifull erfaring. Vi var også med ut i feltet. Det var kjekt å sjå kor glade dei er i faga sine, både på kontoret og byggeplassen. Dei snakka om det med stoltheit og glede. Det smitta. Eg vart sjølv meir entusiastisk, smiler Martinus.
– Eg vart veldig gira på å komme ut i arbeidslivet. Å sjå korleis dei jobbar og korleis ting blir gjort er lærerikt. At ein også får høve til å prøve seg sjølv gjer det ekstra bra, seier Marta.

Fornya kunnskap og motivasjon
Begge to er no tilbake på skulebenken, med ny kunnskap og motivasjon.
– Største frykta som student er dette med å komme ut i arbeid, og føle at du ikkje klarar å utrette det du skal. Men når ein får prøvd seg litt, får ein bekrefta at dette kan gå bra. Eg fekk óg høve til litt interessegransking, og fekk utfordra mine tidligare førestillingar om kva eg trivst best med i yrket, og kva retning eg skal velje. Det gav meg eit klarare mål, meir motivasjon til å komme dit og eit sug etter å bevise at det er dette eg vil, seier han.
– Ein får eit litt anna syn på ting når ein har vore ute i arbeidslivet. Livet som student blir ofte litt teoretisk. Ein fokuserer på eit og eit fag og puggar til eksamen. Ein ser ikkje heilskapen, og at dette er kunnskap ein skal nytte seinare. I praksis får vi brukt det vi lærer, vi får ei heilskapsforståing for faget og verdifull erfaring, seier ho.

Viktig med god kontakt mellom næringsliv og utdanning
Begge to syns moglegheita til å prøve seg i bedrifter er viktig i høve studiet.
– Eg vil seie at nest etter godt fagleg innhald, så er god kontakt med næringslivet det viktigaste. Sommarjobben gjorde meg meir lysten på å jobbe hos Gravdal. Dei er ein sentral aktør lokalt innan bustadbygging, og ei «framoverlent» bedrift: Dei satsar på produksjonsmetodikken LEAN, og tek spennande val når dei bygger ut prosjekt. Det tenker eg er eit godt teikn på ei bedrift i fin utvikling. Og så er det ein kunnskapsrik, kjekk gjeng som jobbar der, seier han.
– Det var jo næringslivet i Sogn og Fjordane som ville ha på plass byggingeniørlinja. Dei har påverka kva fag studiet skulle innhalde, og kva vi treng å lære. Det å bli kjent med eit firma, korleis dei jobbar og korleis ting fungerer er kjempeviktig. Vi får både erfaring, og blir meir bevisst på kor det vil passe oss å jobbe. Sommarjobben auka sjansen for at eg kjem til å velje å jobbe her i området, og gjerne i Gravdal Bygg, seier Marta.

Sofie.jpg

Lærerikt, spennande og relevant  
Sofie Stensæth går andre år på bygningsingeniør, ved HVL i Bergen. Ho er også godt nøgd med sommarjobben hos Gravdal Bygg. 
– Eg hadde fire flotte veker der eg gleda meg til å gå på jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gravdal var flinke til å rettleie meg når det var ting eg ikkje forstod. Dei gjorde ein god jobb med å inkludere meg, og gi meg oppgåver knytt til arbeidet deira. I tillegg fekk eg bli med ut i feltet for å sjå på byggeprosjekt. Eg fekk vere med og observere på deira møter med arkitekt, elektrikar og andre aktørar, på reelle prosjekt. Det var særs lærerikt, sidan eg valde retninga prosjektleiing og konstruksjon. Det gav meg viktig erfaring, seier Sofie.
– Det er lærerikt å sjå korleis ei bedrift opererer, korleis faga på studiet er knytt til arbeidslivet og korleis eg kan bruke faga vidare. Jobben var veldig relevant for studiet, og i tillegg følte eg at eg kom til nytte, seier ho. At Gravdal tek inn studentar er bra. Det er viktig at skule og arbeidsliv samarbeider, slik at studentane får god forståing for korleis studiefaga fungerer i praksis. Når ein kjem ut i arbeid ser ein samanhengar som aukar læringa og forståinga av faga, seier ho.

Sverre.jpg

Enklare å rekruttere
– Vi var på HVL sin karrieredag og fekk presentere Gravdalgruppa for studentane. Der fekk vi fortalt kva vi jobbar med og kva stillingar vi kan tilby. Andreårsstudentane på byggingeniør sa dei ønskte sommarjobb og måtte ha fire veker styrt praksis i løpet av studiet. Difor laga vi eit opplegg, tok inn tre studentar etter søknad og ga dei relevante arbeidsoppgåver. Vi gjorde dette for å bli kjende med dei, så får vi sjå om det kan føre til rekruttering når dei er ferdige, seier dagleg leiar i Gravdal Bygg, Sverre Martin Stensæth.
Nettopp dette med rekruttering er eit viktig moment for dei.
– Bransjen vår har eit stadig behov for ny arbeidskraft. Vi blir stadig pålagt strengare krav, så det viktig å få inn ny kompetanse og ungt pågangsmot. Ved å ta inn studentane blir vi kjende med dei og dei blir kjende med oss. Det er viktig for oss med tanke på rekruttering og for dei når dei skal søke jobb etter studiet, seier Stensæth.
– Byggingeniørstudiet i Førde gjer det enklare å rekruttere høgt kvalifisert arbeidskraft til bedriftene i området. Det må vi utnytte gjennom eit nært og godt samarbeid mellom bedriftene og HVL. Det er også viktig at lokale bedrifter synleggjer seg, og viser at næringslivet har spennande og gode jobbar i tilby i vårt område, seier han.

Hogskulen.jpg

– Byggstudiet i Førde har blitt særs godt motteke i næringslivet.
Høgskulen på Vestlandet seier at samarbeidet mellom utdanning og næringsliv fungerer utmerka.
– Næringslivet stiller opp når vi ber om det og er alltid positive til synfaring ute på anlegg. Samarbeid mellom utdanning og næringsliv er ein avgjerande faktor. Det er viktig for studentane å få relevant arbeidserfaring, og dei blir godt motteke i næringslivet. Det er også etablert ein Næringslivsring som møtast med jamne mellom. Det konstruktive arbeidet som blir gjort der er heilt avgjerande, seier Arve Leiknes, instituttleiar på institutt for byggfag.
– Dette er viktig, både for studentar med erfaring frå byggenæring, til dømes dei som har fagbrev, og studentar som kjem rett frå vidaregåande. For dei som har fagbrev gir praksis i løpet av studiet eit innblikk i arbeidet som ingeniør. For dei som kjem rett frå skulebenken er praksis ein god introduksjon til byggenæringa.
Å rekruttere til eit fersk studie kan vere krevjande, men dei er godt i rute.
– Vi har 66 studentar totalt, fordelt på tre kull. Rekruttering av studentar er ein føresetnad for å oppretthalde studiet. Støtte frå Næringslivsringen og andre aktørar er viktig i så måte. Vi må også lukkast i rekrutteringa av fagtilsette til studiet i Førde, og bygge eit godt fagmiljø knytt til HVL der. Utan dette klarar ein heller ikkje å lage eit godt studiemiljø. Dette fagmiljøet består av både tilsette, studentar og støttespelarar som Næringslivsringen.

Asbjørn Osland