- Hadde digga å bu i Studio K43

Studio K43 er noko nytt i Førde, prisgunstige, urbane studioleilegheiter med smarte romløysingar og hems. Er Førde og førdianarane klare for det?

LIKAR DET DEI SER: Vennegjengen Jon Atle Rise (t.v), Jostein Vedvik, Tiril Sæterlid og Dina Kristin Tjønneland finn mange tøffe kvalitetar ved Studio K43.

LIKAR DET DEI SER: Vennegjengen Jon Atle Rise (t.v), Jostein Vedvik, Tiril Sæterlid og Dina Kristin Tjønneland finn mange tøffe kvalitetar ved Studio K43.

- Så utruleg kul design! Dette er perfekt for ein eller to personar. Eg hadde digga det. Eg bur i Drammen no men skal tilbake til Førde, så kven veit? seier Jostein Vedvik.
Vennegjengen trur det hadde vore fint å bu slik for ein periode, og ein ting er dei einige om: - Det ser dritbra ut.
- Viss eg var singel og hadde pengar, kunne det vore aktuelt, seier Tiril Sæterlid.

– Er Førde klar for studioleilegheiter?
-
  Ja, det er jo ein by! Eg veit om fleire som ville likt å bu slik. Og plasseringa like ved Førdehuset er gull, meiner Vedvik.

Hems endelig render.jpg

Hemsen gir ei “reir-kjensle” eg likar. Det er ein trygg krok å trekke seg tilbake til, men samstundes har du utsyn og oversikt.

Bjørn-Are Vollstad, arkitekt

Så langt er seks av dei 15 leilegheitene selde, når ytterlegare 2-3 leilegheiter har fått seg ein eigar, kan prosjektet realiserast. Arkitekt Bjørn-Are Vollstad gler seg til å sjå bygget ferdig.

- Her blir det kult å bu! Bygg som dette er god fortetting av sentrum og er med på å dyrke den urbaniteten vi håpar å ha i Førde, seier Vollstad hos Arki Arkitektar.


ULIKE FOLK, ULIKE HUS: Det er viktig å ha mangfald i typen bustader. Vi prøver å bygge ein by, og då må vi ha ulike bustader å tilby folk, seier arkitekt Bjørn-Are Vollstad.

ULIKE FOLK, ULIKE HUS: Det er viktig å ha mangfald i typen bustader. Vi prøver å bygge ein by, og då må vi ha ulike bustader å tilby folk, seier arkitekt Bjørn-Are Vollstad.

- Det har vore utruleg spennande å jobbe med studioleilegheitene! Eg kunne godt tenke meg å budd her sjølv, dersom familiesituasjonen hadde tillate det, seier Vollstad.

Leilegheitene passar gjerne ikkje så godt til ein småbarnsfamilie, men for den som skal inn på bustadmarknaden for første gong, for pendlarar eller som ei hytte i byen kan dette vere ei perfekt løysing.

- Bygget har ein ekstra høg fasade. Det er ein luksus ved å ha ei takhøgde på heile 3, 5 meter. Det gjer utruleg mykje med romkjensla, alt kjennest mykje større, seier Vollstad.

Han meiner leilegheitene, som er på rundt 30 kvadratmeter, har gode romlege kvalitetar.
- Entreen og badet er litt vekkgøymde, funksjonelle areal, men når du kjem inn i opphaldsrommet med den takhøgda og store vindaugsflater vil du få ei oppleving av at rommet veks! For å skape volum og atmosfære har vi og gjort veggen til eit møbel. Det blir flott å sitte der i den breie vindaugskarmen og sjå på utsikta, seier Vollstad.

Han veit at mange er litt skeptiske til hems, sjølv ser han på det som ein opplevingsfaktor.
- Du kan opphalde deg både høgt og lågt i rommet. Med hems får du brukt arealet dobbelt, det tel ikkje som ekstra kvadratmeter men du får i praksis eit ekstra rom. Eg hadde likt å sove på hemsen, det er ein krok å trekke seg tilbake til, men samstundes har du utsikt og oversyn, seier Vollstad.

Sjå kva leilegheiter som er ledig her: https://www.gravdal.no/bustader/studiok43

- PERFEKT FOR EIN: Anja (t.v.) , Linda og Malin Birkeland har sans for studioleilegheitene.

- PERFEKT FOR EIN: Anja (t.v.) , Linda og Malin Birkeland har sans for studioleilegheitene.

–   Oj, så stilig! seier søstrene Anja (22) og Malin Birkeland (19) i kor.
- Det er kanskje litt lite, men fint. Perfekt om ein skal bu åleine og det ikkje skal koste altfor mykje, meiner Anja.
- Eg hadde lett forelska med i ei av dei leilegheitene der viss eg var ung igjen, ler mamma Linda. - Det var omlag så stor plass pappa og eg hadde då vi vart i lag, seier ho til døtrene.

- PRAKTISK OG KOSELEG: Hanne Lovise Johansen (t.v.) og Ingeborg Krogsæter hadde ikkje takka nei til ei studioleilegheit.

- PRAKTISK OG KOSELEG: Hanne Lovise Johansen (t.v.) og Ingeborg Krogsæter hadde ikkje takka nei til ei studioleilegheit.

Ingeborg Krogsæter frå Karmøy og Hanne Lovise Johansen frå Farsund er elevar ved Sunnfjord folkehøgskule og er vande med å klare seg med litt mindre plass.
–  Det ser praktisk ut. Sjå trappa, den var sjukt kul. Og så fint å kunne liggje i senga og sjå på stjernene, seier Ingeborg.
–  Eg likar sitteplassen i vindauget, veldig koseleg. Men korleis er det med oppbevaring…? Åja sjå her, du har eiga bod, då er det heilt greitt, meiner Hanne Lovise.

- Kunne de budd i ei slik leilegheit?
–  Det er litt uvant med hems, men det er sikkert ok når du blir vand med det, meiner Ingeborg.
- Eg kunne gjerne budd slik, men har ikkje råd til det no, seier Hanne Lovise.

IMG_8043+%283%29.jpg

Skikkeleg kult, dette er noko Førde treng!

Øystein og Kine Skagen

- Veldig praktisk og kul design, meiner Kine Straume Skagen.
Sjølv har ho to viltre gutar saman med Øystein Skagen, så familien treng meir plass enn ei studioleilegheit.
- Men dette er eit butilbod det er rom for i Førde, meiner dei.

Arkitekten, Bjørn-Are Vollstad, seier seg einig.
- Førde er klar for studieleilegheiter, eg kan ikkje forstå noko anna. Så lenge det finst enkeltpersonar med behov for å bu, må dette vere eit godt alternativ. Ei studioleilegheit er ei perfekt buform for ungdommar eller vaksne som ikkje har etablert familie – til dømes dei som har vore ute og studert og som vi gjerne vil hente heim, seier Vollstad.

SENTRALT: Plassert i krysset Kyrkjevegen/Angedalsvegen betyr at du få minutt frå både sentrum, sjukehuset og høkskulen dersom du bur i Studio K43.

SENTRALT: Plassert i krysset Kyrkjevegen/Angedalsvegen betyr at du få minutt frå både sentrum, sjukehuset og høkskulen dersom du bur i Studio K43.

Liv Grimsbø