Vil du bu i Hasseltunet?

Vil du bu i Hasseltunet?

Hasseltunet blir det fjerde og siste tunet i Parken i Førde. No jobbar vi for fullt med å få på plass alle detaljane slik at leilegheitene kan leggjast ut for sal.

SISTE TUN: Slik er husa i Hasseltunet tenkt plassert. Her blir det ca 50 leilegheiter i mange størrelsar. Bygget midt i bildet på illustrasjonen vil bli redusert frå fem til fire etasjar.

Så langt har rundt 200 kundar meldt si interesse for leilegheitene i Hasseltunet. Meld di interesse du og, så sender vi deg prisar og planteikningar når dei er klare!

Vi veit at et er fleire som har venta på Hasseltunet. Dette blir siste byggesteg i Parken i Førde, og mellom dei ca 50 leilegheitene i mange størrelsar skal alle kunne finne seg ein heim som passar. Her får den som ønskjer seg ei fin lita leilegheit ulike løysingar å velge mellom. Om du er på jakt etter ei stor, luftig toppleilegheit ordnar vi det også - og sjølvsagt blir det ulike variantar midt i mellom.

Vi tek sikte på at leilegheitene blir lagt ut for sal over sommarferien i 2024.

SOSIALT: Alle tuna i Parken er forma som klyngetun rundt eit indre, bilfritt tun med leikeplass og sosiale møtepunkt for bebuarane. Dette er frå Piletunet.

Parken har vorte eit populært nabolag i Førde - her bur du svært sentalt og samstundes fredeleg og landleg. Her er det berre eit steinkast til næraste matbutikk og barnehage, og du du bur tett på Hafstadparken med fine turstiar langs elva og mange aktivitetar. Du går til Førde sentrum på ti minutt og sjukehuset ligg også innanfor gåavstand.

Leilegheitene i Hasseltunet blir fordelt over fem bygg som ligg rundt eit triveleg bilfritt tun. Bilane står i garasjekjellaren under tunet, dei fleste leilegheitene vil få privat parkeringsplass inkludert i prisen.

Vil du vere mellom dei første som får informasjon og prisar om leilegheitene i Hasseltunet, kan du melde deg på interessentlista. Det er sjølvsagt heilt uforpliktande.

FREDELEG OG SENTRALT: Tuna i Parken ligg fint plassert like ved Hafstadparken i Førde. Det første tunet som vart bygt heiter Kastanjetunet, deretter kom Piletunet opp. Bubuarane i Lønnetunet flytta inn sommaren 2023 og snart blir leilegheitene i det siste tunet, Hasseltunet, lagt ut for sal. Når alle dei fire tuna står klare vil det totalt bli ca. 175 leilegheiter i dette området.

PARKERING UNDER BAKKEN: Hasseltunet og Lønnetunet får felles innkøyring til garasjekjellaren, men det vil bli eigen parkeringskjellar under kvart tun.

Bebuarane i Parken har kort veg til flotte turstiar langs elva og masse kjekke aktivitetar i Hafstadparken. Her bur du tett på alt som skjer i sentrum og likevel i eit grønt og fredeleg område.

KONTAKT OSS

Har du spørsmål eller ønskjer å registrere deg på interessentlista? Då kan du ringe oss, sende e-post eller stikke innom kontoret vårt på Halbrendsøyra 2 i Førde.

Liv Grimsbø


Prosjektseljar

Tlf: 408 75 246

E-post: liv.grimsbo@hellvikhus.no

 

Parken Bustadtun er eit samarbeidsprosjekt mellom Gravdalgruppa og Åsen & Øvrelid