Falkenstein

Førde

Falkenstein

Praktiske einebustader i rekkje, alle selde

orig_ac5630d3-1c46-4ba6-820b-4461701daff9.jpg

Alle leilegheitene på dette prosjektet er no selde.

Vi er stolt over å kunne presentere våre unike hus i solveggen av Førde. På Falkenstein bur både store og små i gangavstand til alt av sentrumsfunksjonar i Førde, samstundes som husa ligg fredfylt plassert med ei fantastisk utsikt, noko videoen vår under viser.  Bustadane har to store terrassar, der den eine er overbygd og kan gje rom for å byggje ein vinterhage for dei som måtte ønskje det. Med to integrerte carportar er du sikra ein enkel kvardag, og vidare leverar vi godt med bodplass i husværa.  Husværa har ei stor og romsleg stove og kjøkken på andre plan, og tre gode soverom. Nokre av husa kan byggast med eit fjerde soverom – eller ein kan få seg ei koseleg loftsstove. Det er også moglegheit for utviding av kjøkken og flytte boda ned ved inngangen.

i05.jpg

Fakta om bustadane

Fasilitetar

Aircondition/Ventilasjon
Balkong/Terrasse
Garasje/P-plass
Ingen gjenbuarar
Turterreng 

i07.jpg

Beskrivelse

Kjøkken
Sigdal kjøkken i kvit farge, type UNO eller tilsvarande.

Overflater
Målte gipsplater, kvitmålt listverk, innvendige dører er formpressa lettdører med kvit glatt overflate. Alle tørre golv i leilighetene vert levert med parkett av eik natur i prosjektkvalitet. På golv i bad/vask vert det lagt flisar.

Garderobe/Bad
Combi garderobeskap str. 100 cm kvit pr. sengeplass.

Sanitær
Sjå leveransebeskriving under Tekniske anlegg.

Elektrisk
Sjå leveransebeskriving

Uteplass
Det vil verte etablert ein koseleg leike-og samlingsplass internt i feltet samt eigne gjesteparkeringsplassar.

Nærmiljø
Nærheit til ALT, Falkenstein ligg i gang-og sykkelavstand til alle fasiliteter som betyr noko for folk: barnehage, skule,butikk,sentrum.

i03.jpg

Tomannsbustad B

Tomannsbustad B har vi 2 stk av i fremste rekke, og ein kan køyre heilt fram til inngangsdøra. På inngangsplanet har ein alle funksjonar som kjøkken,stove,soverom og bad. Desse har dermed livsløpsstandard. Ein har ein god terrasse i tillegg til uteplass ved inngangspartiet. Utgang til privat hage. Det er rikelig med plass for oppbevaring på alle soveromma.

Begge bustadane er selde.

 

Anna

Vi har satsa på eit funksjonelt og framtidsretta prosjekt med ein moderne profil.

Vi er no klar til å starte med grunnarbeidet, og søkjer kommunen om å sette i gang prosjektet. Vi forventar ferdigstilling våren 2016.

Ved oppstart betong krev vi 10% delinnbetaling, og vi stiller bankgaranti på innebetalt beløp. Restbeløp betalast ved overtaking.