Mallasvika

Naustdal

Mallasvika

Leilegheit med terrasse og carport

Alle selde

Draummen om å bu i strandkanten kan bli verkeleg! I Mallasvika i Naustdal har vi att ei unik leilegheit for sal, i toppetasjen med flott fjordutsikt. Store vindauge gjev deg høve til å nyte fjorden og det mektige Heilefjellet året rundt. 30m2 med terrasse kallar vi rein lykke, og den vil du ha glede av året rundt: I sola i sommarhalvåret, og med pledd, stearinlys, og varmelampe resten av året. Her legg du deg til bølgjeskvulp og vaknar til storslått utsikt – uansett vêr og årstid. Så tett på Førdefjorden er det få som har moglegheit til å bu. Når du låser deg inn i leilegheita og frå gangen straks ser fjorden som blenkjer, lovar vi deg at alt anna er gløymt.

i04.jpg

Standard

Leilegheita har ei moderne utforming med god standard. Den har to soverom og to bad, opa kjøkkenløysning med fleksible løysingar for innreiing, 30 m2 skjerma terrasse med bod, vassboren varme, carport, felles bakgard og felles, opparbeida grillplass i fjæra. Kjøkkenet har integrerte kvitevarer. Stor og praktisk skyvegarderobe i gangen med god oppbevaringsplass. Felles for heile leilegheita er den klassiske stilen med moglegheit for å sette sitt eige preg på interiøret.

i10.jpg

Fellesområde

lotte fellesområde med benker og bord- flott beplanta - flaggstang.
Her er også satt av plass til gjesteparkering.

VI HAR 4 EKSTRA FELLES PARKERINGSPLASSER PÅ OVERSIDA AV VEGEN.

i13.jpg

Lokaliterer

Du bur 10-15 minutt køyretur frå Førde, og brukar 5 minutt på den nye gangvegen til Naustdal sentrum. Rett ved ligg det populære fritidsområdet Sanden med båthamn, strand, brygge, kunstverk og turstiar som er vakkert opplyste på kveldstid. I sentrum finn du også skule, barnehage, kommuneadministrasjon, butikkar og ein heilt ny og stor Coop Extra under oppføring– med park på taket! Frå Mallasvika har du enkel og fri tilgang til merka turstiar i nærområdet, fjordaktivitetar og alt anna Naustdal måtte by på. Kva med å fiske din eigen middag frå berga nedanfor leilegheita? Fire kilometer vest finn du Håjen Kafe sitt bakeri der du får tak i fersk bakst og andre delikatesser. Vi garanterer at du vil trivast i Mallasvika!

Omkostningar

2,5 % dokumentavgift av kr. 3.290.000.- = 82.250.-
Tinglysningsgebyr skjøte kr. 525.-
Tinglysningsgebyr pantedokument kr. 525.-
Gebyr kr. 172.-
Totale omkostninger Kr. 83.472.-

Felleskostnader inkluderer

Felleskostander pr. månad:
Leilegheit nr. 13 = kr. 1685.-