Vie tun 4, Blokk A7

Førde

Vie tun 4, Blokk A7

Flotte leilegheiter, alle seld.e

i01.jpg

Leilegheitene i Blokk A7 har heilt nye planløysingar som ingen av dei andre blokkene i feltet har. Leilegheitene har balansert ventilasjon med høg gjenvinning, ekstra isolerte vegger og tak, samt gode vindauge. Saman med moglegheit for gasspeis gir dette eit godt inneklima og lågt energiforbruk.

Det er ein fast garasjeplass til kvar leilegheit i garasjekjellar med tilkomst til leilegheitene via trapperom eller heis. Alle leilegheitene har eikeparkett, med unntak av bad/vaskerom der det er flis.

01.jpg

Det er eigen sørvend terrasse/balkong til kvar leilegheit.
Alle kjøparar har rett til bruk av fellesareal innanfor gnr. 43 bnr. 315 i Førde kommune.
Det er etablert leikeplass i feltet.

Vie sør ligg solrikt til ca tre kilometer frå Førde sentrum. Det er berre 900 meter til Førde Sentralsjukehus, den største arbeidsplassen i fylket, samt Brulandsvellene, handelstyngdepunktet i Førde. Gode skular og barnehagar i nærområdet har saman med godt utbygd offentleg infrastruktur gjort Vie til det som var Gravdalgruppa sin visjon i 2002: Bu enkelt og godt på Vie.