- Vi er stolte av Sigdal-kjøkkenet vårt!

- Vi er stolte av Sigdal-kjøkkenet vårt!

Anette Hyllestad og Rune Blom sette av mykje plass til kjøkkenet i det nye huset sitt i Blåbærlia i Førde, og valde seg eit lekkert Sigdal-kjøkken. Det har dei ikkje angra på.

TIPP-TOPP: Rune Blom og Anette Hyllestad har fått kjøkkenet i det nye huset sitt akkurat slik dei ville ha det. - Vi er kjempefornøgde med resultatet!

- Kjøkken og stove er vel om lag 50/50 i størrelse. Vi brukar eigentleg mest tid på kjøkkenet - i alle fall så lenge tv`en er av, seier Rune.

Familien har budd ca eitt år i det nye huset øvst i Slåttebakkane, og det flotte Sigdal-kjøkkenet er utan tvil hjartet i huset.

Mørkt og stilig

Rune og og Anette har fylt heile langveggen med flotte høgskap og skuffer. Ved vasken var det plass til eit sjalusiskap - det gir luft og ekstra oppbevaring.

Vasken er i kompositt, benkeplata i laminat heiter svart marmor.

- Vi brukte mykje tid på å planlegge kjøkkenet, og prøve å sjå for oss kor mykje vi kunne få plass til utan at det vart trongt. Fasiten kjem når du har fått “budd deg inn” i huset. Vår konklusjon er klar - vi har fått maks ut av det budsjettet vi hadde og er kjempefornøgde! fortel Anette og Rune.

Begge er opphavleg frå Førde, og tomta med praktfull utsikt over heile Førde sikra dei seg før dei vende nasen heimover etter nokre år i Bergen.

FALL FOR UTSIKTA: Tomta med fantastisk utsikt og eit nyetablert bustadfelt med mange naboar i same livssituasjon, gjorde det lett for Rune og Anette å ta borna med heim til Førde. Dei har bygt seg ein moderne og romsleg einebustad til familien, og har i tillegg ein utleigedel. På garasjen er det stor takterrasse og rom for å lage ei studioleilegheit nede.

VEGG AV VINDAUGE: Kjøkkenøya er det naturlege samlingspunktet hos Anette og Rune. Der har dei også panoramautsikt over heile Førde sentrum.

Den romslege kjøkkenøya er samlingspunktet for familien på fem. Der er det god plass til å lage mat og bake med ungane, der kan dei ete i lag, gjere lekser eller rigge til heimekontor.

Med drygt 180 cm avstand mellom innreiinga på langveggen og øya, er det godt med plass til at fleire kan opphalde seg på kjøkkenet samstundes, utan at det kjennest trongt.

Det var ikkje tilfeldig at dei landa på Sigdal då dei skulle velge kjøkken.

- Vi har brukt Sigdal før og vore fornøgd med kvalitet, rådgjeving og service. Denne gongen stod det mellom to kjøkkenleverandørar. Vi valde Sigdal fordi dei klarte å tilby den fleksibiliteten vi ønskte, og prisen er god i forhold til produktet du får, fortel Rune.

Dei to er òg godt fornøgde med samarbeidet dei har hatt med Leif Helge i Sigdal-butikken til Gravdal.

- Vi har fått veldig god rådgjeving. Leif Helge er enkel å samarbeide med og følgjer godt opp. Og så er han tydeleg i sine anbefalingar på kva som kan veljast vekk. Det er mykje som er kjekt å ha, men som ein eigentleg ikkje treng. Vi greidde faktisk å halde oss innanfor budsjettet, seier Rune.

Dei to landa til slutt på eit svart kjøkken, Amfi Lakriz, kombinert med spilefronten Eikeli Lakriz på utsida av øya.

- Dei to frontane er i same farge, men spilefrontane fungerer meir som ein skjenk, eit møbel ut mot spisestova, seier Anette.

Flekkar? Null problem

Mange små barnehender og svarte frontar - er det ein heldig kombinasjon?
- Flekkar på dei svarte frontane er null problem så lenge du veljer ei overflate med struktur. Det fungerer fantastisk bra, sier Anette.

Fargen på kjøkkenet var noko av det siste som vart bestemt.

- Vi gjekk for svart heilt på tampen. Vi var litt redde for at det var noko som er i vinden akkurat no, og at vi skulle gå fort leie. Vi tenkte òg på at flekkar kunne vise godt, men sidan vi valde eit materiale med struktur er det ikkje noko problem i det heile tatt. Eg trur faktisk flekkar viser betre på eit kvitt kjøkken. Det vart fantastisk bra, seier Anette.

Det mørke kjøkkenet gir heller ikkje gjenskin i dei store vindaugsflatene, og fungerer fint som ein kontrast til den lyse fargepaletten dei har valt elles i huset.

- Vi har tatt høgde for at det skal vere lett å gjere framtidige tilpasningar, for smaken endrar seg. Vi har valt kvite skrog slik at det ikkje er noko problem å bytte farge på frontane, og det er mellom anna klartgjort for vinskap. Vi kunne sjølvsagt også tenkt oss benkeplate i stein, men det var det ikkje rom for i budsjettet no, seier Rune.

Dei to har hatt fokus på å utnytte plassen og få mest mogleg oppbevaring i kjøkkenet.

- Skuffer er mykje betre enn skap - og gjerne i ulike størrelsar. Vi har valt skuffer alle stader der det var mogleg. Det er utruleg praktisk og gir oversikt. Eg ønskjer meg etter kvart ein del innvendige skuffer i skapa også, i staden for hyller, seier Anette.

Dei har også valt å ha skuffer og skap langs heile framsida av øya. Der er det tungvint å plassere kjøkkenutstyr, men det gir god plass til ungane sine hobbysaker.

Mange skuffer og skap

På framsida av kjøkkenøya er det fyllt opp med skuffer og skap der vesle Sanna (8 mnd.) og brørne hennar Felix (5) og Patrick (7) kan lagre leikar og hobbysaker.

Anette og Rune er einige om kva som er høgdepunkta på det nye kjøkkenet:

  • Tørrvareskapet: - Her kjem innreiinga fram når du opnar døra og i tillegg er det god plass i døra. Det gir full oversikt, du har kjapt kontroll på kva du har og ikkje har.

  • Platetoppen med innebygd ventilator: - Ventilatoren er gull, den fungerer kjempebra og vi slepp rør og ei svær vifte som kjem ned frå taket.

  • Kaffimaskina: Rune er ein hund etter god kaffi. - No har vi endeleg fått kaffimaskin som kverner bønnene, og resultatet blir veldig bra!

  • Hjørneskuffer: Skuffene i hjørneseksjonen gir full utnytting av plassen.

- Vi er så stolte av kjøkkenet vårt, og det er kjekt å kunne dele våre tankar og idear med andre som skal gjennom same prosessen. Det er ingen store ting vil ville gjort annleis med kjøkkenet vårt om vi skulle velje på nytt, seier Anette.

LYST OG LUFTIG: Stor takhøgde, mykje vindauge og eit stort og lekkert kjøkken. Anette og vesle Sanna har fine dagar i permisjonstida.