Ida fann det perfekte hyttekjøkkenet

Ida fann det perfekte hyttekjøkkenet

Då Ida Berqvam skulle plukke kjøkken til den nye, flotte hytta si visste ho akkurat kva ho ville ha. I Sigdal-butikken vår fann ho det ho var på jakt etter.

GOD MATCH: Ida Berqvam ville først ha svart kjøkkeninnreiing i hytta, men fall for denne fine gråfargen. - Fargen står godt til dei svarte detaljane. Eg er kjempefornøgd, seier ho. Foto: Vidar Helle

GOD MATCH: Ida Berqvam ville først ha svart kjøkkeninnreiing i hytta, men fall for denne fine gråfargen. - Fargen står godt til dei svarte detaljane. Eg er kjempefornøgd, seier ho. Foto: Vidar Helle

- Eg ønskte eit klassisk kjøkken utan for mykje profilar og detaljar. Her er det akkurat nok til å passe inn. Eg ville ikkje ha overskap opp mot det flotte taket, men valde heller nokre solide, svarte hyller. Og så ville eg ha ei enkel, lys benkeplate for å unngå at kjøkkenet vart for mørkt. Eg er kjempefornøgd med kjøkken-løysinga og ville valt det same igjen, fortel Ida Berqvam som har teikna hytta sjølv.

Kjøkkenmodellen ho gjekk for heiter Scala palett, og fargen er: S7500-N.

IMG_4290 (3).JPG

Sigdal-kjøkkenet frå Gravdal-butikken passar perfekt inn i miksen av nytt og gammalt på Ida Berqvam si nye hytte.

helle1 (2).jpg

Ida er oppteken av gjenbruk. Ho tok utgangspunkt i dette skapet med glasdører då ho skulle finne kjøkken. I høgskapet t.v. er det plass til både micro og godt med hylleplass. Foto: Vidar Helle

IMG_4282 (3).JPG

Det trivelege kjøkkenet, med store vindauge ut mot vatnet, er ein naturleg samlingsplass i hytta.

Ventilatoren vart kassa inn for å stå til taket. Rustikke handtak og knottar vart valt for å stå i stil med det gamle skapet på kjøkkenet.

- Kjøkkeninnreiinga er ikkje så stor, men vi har alt vi treng. Det er utruleg kva du får plass til om du organiserer godt, eg føler ikkje at kjøkkenet er for lite. Eg var litt redd for at det skulle bli knapt med oppvaskmaskina på 45 cm, men det går heilt fint. Og så har vi eit stort og godt kjøleskap, det er viktig, seier Ida.

GLIR INN: Den særprega hytta ved Hestadfjorden er på 120 kvm, men framstår som ei klynge småhus. - Vi har gjort mykje for å ta vare på naturen rundt hytta, og med torvtaket glir det rett inn, seier arkitekten.

GLIR INN: Den særprega hytta ved Hestadfjorden er på 120 kvm, men framstår som ei klynge småhus. - Vi har gjort mykje for å ta vare på naturen rundt hytta, og med torvtaket glir det rett inn, seier arkitekten.

Ida Berqvam er mest kjend for å bygge handelshus i Førde, men ho er også arkitekt og har teikna rundt 50 hus. Det siste prosjektet er den heilt spesielle hytta i Gaular. Ho fekk kjøpt ei gammal lafta stove frå før 1850 som stod i Årdal i Jølster, og teikna tre grindbygg som er fletta saman med den gamle stova.

Hytta stod ferdig våren 2020.