- Lett å velge Gravdal igjen!

- Lett å velge Gravdal igjen!

- Eg er kjempefornøgd med det nye kjøkkenet frå Sigdal. Dette er andre gongen vi kjøper kjøkken hos Gravdalgruppa. Det var der vi fekk den beste servicen og då var det lett å komme tilbake, seier Astrid Margrethe Heggheim.

KOSAR SEG PÅ KJØKKENET: Astrid Margrethe Heggheim finn roen på det nye kjøkkenet, og er kjempefornøgd med kjøkkenøya si. Ho har fått mange kommentarar på den stilige ventilatoren. - Folk trur eg har fått tv rett over komfyren, ler ho.

KOSAR SEG PÅ KJØKKENET: Astrid Margrethe Heggheim finn roen på det nye kjøkkenet, og er kjempefornøgd med kjøkkenøya si. Ho har fått mange kommentarar på den stilige ventilatoren. - Folk trur eg har fått tv rett over komfyren, ler ho.

- Eg likar dei litt avrunda formene og overskap med glas i nedkant. Og så har eg fått mykje meir oppbevaringsplass enn før, seier Astrid, som bur på Myrmel ved Sande.
Det er over 20 år sidan ho kjøpte sitt første kjøkken hos Gravdalgruppa. Då det var tid for fornying vart det eit enkelt val.
- Eg får veldig god hjelp og rettleiing i kjøkkenbutikken til Gravdal, det har mykje å seie Det er mange ting som skal kombinerast og fungere i lag, seier Astrid.
Ho ville ha nytt kjøkken men hadde ikkje eit klart bilete av korleis ho ville ha det. Saman med kjøkkenkonsulent Margrethe V. Kalstad gjekk ho mange rundar for å finne stilen og fargane ho ville ha. Ho landa på kjøkkenmodellen Faz frå Sigdal med litt kraftige handtak i børsta stål.

kunde2 (2).jpg

Fargane gir kjøkket ei ro.

Det er godt å sette seg her å strikke og høyre radio.

Astrid Margrethe Heggheim, fornøgd kunde

Astrid ville gjerne ha ha ein kontrastvegg og bestemte seg til slutt for ein terrakotta-farge, det har ho ikkje angra på.
- Eg synest vi har funne gode fargekombinasjonar som gir kjøkkenet ei ro. Det er godt å sette seg her å strikke og høyre radio, seier ho.
Med ny planløysing vart det plass til stor kjøkkenøy og ein kontorplass i samme innreiing som resten av kjøkkenet.
- Kjøkkenet verkar mykje større no, og med øya fekk eg både godt med oppbevaring og sitteplassar, sier ho. I kjøkkenøya er det store, gode skuffer og eit praktisk miksarskåp.

kunde6 (3).jpg

Kjøkkenøya gir godt med oppbevaring og sitteplassar.
Med ny planløysing vart det i tillegg plass til ein praktisk kontorkrok på kjøkkenet.

Kjøkkenkonsulent Margrethe V. Kalstad synest resultatet vart knallbra.
- Det nye kjøkkenet til Astrid er både lekkert og praktisk, og kontrastveggen vart prikken over i`en.
Det er gjerne ikkje alle som tenker at dei kan bruke same innreiing på kjøkken og kontorplass, men det gir ein fin heilskap i rommet, seier Kalstad.

kunde 1 (2).jpg

Astrid valde Sigdal-modellen Faz i ein beige fargetone.
Den gråbeisa benkeplata er i heiltre eik, medan plata på øya er dekton.
Kvitevarene er frå Siemens.

IMG_2591 (2).JPG

Hjelper deg gjerne!
Margrethe V. Kalstad har lang erfaring som kjøkkenkonsulent
og kan hjelpe deg med å få kjøkkenet akkurat slik du vil ha det.