Ida og Øyvind gjekk for herregårdsstil

Ida og Øyvind gjekk for herregårdsstil

Ida Johanne Vallestad (31) og Øyvind Aasen (38) tok over barndomsheimen hans for halvanna år sidan. I løpet av denne tida er heimen totalt forvandla, og det flotte kjøkkenet er blitt hjartet i det “nye” huset.

MYKJE ARBEID - NESTEN i MÅL: Mykje nytt og litt gammalt er oppskrifta på ein koseleg heim, meiner Ida og Øyvind.

- Vi er så fornøgde med det nye kjøkkenet, og spesielt med den store kjøkkenøya. Kjøkkenet har blitt samlingspunktet for familien. Ungane elskar å sitte ved øya medan vi lagar mat, det er veldig sosialt, fortel Ida.

Huset var i utgangspunlktet ei eldgammal hytte som stod i Halbrendslia. På 1970-talet vart den flytta til Moøyra i Førde og etter kvart bygt om til ein einebustad. Det var her Øyvind vaks opp, men det er ikkje mykje som minner om barndomsheimen lenger.

- Her var skeive golv og skråtak. Vi har fått mykje betre plass og heilt ny romløysing, det er som eit nytt hus. Eg hadde aldri sett for meg at det kunne bli så bra som dette, fortel Øyvind.

Den gamle inngangsdøra er blitt eit høgt vindauge som gir mykje lys på det nye kjøkkenet.

Den gamle inngangsdøra vart nytt vindauge

Eit ekstra vindauge i veggen ut mot entreen gir også ekstra lys og luft.

- Svogeren min er arkitekt, og vi har fått god hjelp til å finne krative løysingar som vi ikkje ville sett sjølve, seier Ida.

Dei to ønskte ein koseleg og lun heim, moderne men med innslag av det tradisjonelle.

På kjøkkenet gjekk dei for Herregård frå Sigdal.

- Vi valde Sigdal-kjøkken ut frå utsjånad, praktiske løysingar i skuffer og skåp og god pris. Dessutan har vi fått veldig god service og oppfølging av Leif Helge i Sigdal-butikken. Han er flink, skryt Øyvind.

Ida ville gjerne kombinere stein, tre og naturfargar. Benkeplata på kjøkkenøya er i solid silestone som tåler røff bruk, benkeplata elles er i laminat med trestruktur.

- Han ville ha profilar på kjøkkenet, eg fekk bestemme fargen. Det er sikkert ikkje så mange på vår alder som går for herregård-stilen. Eg har alltid fått høyre at eg er ein 80-åring i ein ung kropp, så sånn sett passar det vel bra, ler Ida.

Alt er nytt i hovudetasjen - golv, panelen på veggane, planløysinga og nye vindauge.
- Vi har fått det akkurat slik vi ville ha det, koseleg og lunt - litt hyttestil. Og detaljar som knyter kjøkken og stove saman, fortel Ida..

- Det er Ida som har peiling på dette og har ideane. Eg er imot forslaga - heilt til eg ser kor bra det faktisk fungerer, smiler Øyvind .

LUNT OG KOSELEG: Dei to ville ikkje ha kvitt kjøkken, men har gått for varme fargetonar.

Fine detaljar

Ida er fornøgd med kombinasjonen av knottar og handtak på kjøkkeninnreiinga.

Smarte løysingar

I den nye entreen har dei fått godt med oppbevaring. Skuffene går inn i kjøkkenøya på andre sida av veggen, og stel ikkje plass i gangen.

God plass

- Eg er veldig fornøgd med at vi får nytta plassen så godt, seier Ida. Lyslistene i taket var Øyvind sin ide, dei kan dimmast og gir godt arbeidslys når det skal kokkelerast.

FINT LIV PÅ MOØYRA: Opne rom og praktiske romløysingar. Her er det plass til at familien på seks kan boltre seg - både inne og ute.

Berre små detaljar manglar før Ida og Øyvind har fått heimen akkurat slik dei ville ha den - og til sommaren blir det bryllaup.

Vil du òg ha nytt kjøkken?

Vil du sjå nærare på Herregård-kjøkkenet, eller sjå utvalet av andre Sigdal-modellar? Kom innom kjøkkenbutikken vår på Halbrendsøyra i Førde. Leif Helge og Margrethe hjelper deg med å finne løysinga du vil ha! Om du vil avtale ei tid, send e-post til butikk@gravdal.no