Thomas har fokus på fargar

Naustdal

Thomas har fokus på fargar

På jobb er det maten som står for dei fargerike innslaga, heime slår Thomas Holme Smådal seg meir laus. - Som kokk og konditor er eg opptatt av fargar, eg ville ha noko spesielt, fortel Thomas.

28-åringen er kjøkkensjef på Pikant i Førde, der er kjøkkenet prega av overflater i kvitt og stål. Heime har han leika seg meir med fargepaletten. Då den nye heimen i Grimsethmarka i Naustdal skulle innreiast, var det fargen på kjøkkenfrontane som vart bestemt først.

På HEIDERSPLASS: Fagbrev og sveinnebrev har fått heidersplassen på kjøkkenet.

- Kjøkkenfargen vart bestemt først ja. Eg ville ha ein mørk farge, det stod mellom denne, blå og grøn. Deretter var det å finne kombinasjonar og fargar som går igjen. Eg likar raude trådar, fortel Thomas.
Han valde t.d. grøne kjøkkenstolar, ein fagetone som går igjen i baderomsinnreiing og på veggane på soverommet.
På kjøkkenveggane gjekk han for fargen Blushing peach, medan fargen i gangen og ned trappa er i ein djupeare fargetone, Warm blush. Elles er detaljane gjennomført svart - som vindaugskarmar, stikk-kontakter, vask og lamper.

Misunnelege gjester

Dei smarte hjørneskuffene er noko av det Tomas er mest fornøgd med på kjøkkenet.

- Dei er veldig praktiske, og også noko av det folk som kjem på besøk er misunnelege på, fortel Thomas.

- Eg er vel eit petimeter når det kjem til detaljar. Eg ville aldri slenge kva som helst av fargekombinasjonar på ein tallerken, det var det heller ikkje naturleg å gjerne når eg skulle finne fargar i huset, seier Thomas.

Han ville ikkje ha A4-løysingar, og har inspirert andre til å gjere sprekare fargeval.

- Eg har hatt folk på besøk som i utgangspunktet såg på kvite kjøkken. Etter å ha sett kjøkkenet mitt torde dei å gjere andre fargeval, fortel Thomas.

Han var innom ulike kjøkkenløysingar før han bestemte seg for Sigdal-kjøkkenet.

- Det var hos Sigdal eg fann dei beste løysingane, det var fleksibelt, eg fekk det slik eg ville ha det. Og så hadde eg eit godt samarbeid med Leif-Helge i Sigdal-butikken, seier Thomas.

Lite og godt

- I ettertid ser eg at vinskapet godt kunne vore dobbelt - men her er akkurat nok plass til nokre gode flasker - og perfekt temperert sjokolade!

- Har kokken nokre smarte kjøkkentips?

- Eg måla veggen bak kjøkkeninnreiinga i våtromsmåling. Den er lett å vaske av og eg slepp å sette opp glasplata mange brukar. Så langt har det funka veldig bra, fortel Thomas.

Han er òg godt fornøgd med dei topphegsla overskapa over vasken. Dessutan tenker han at det er smart å ha handtak framfor grepslister på innreiinga for å unngå fingermerker, og synest det er lett å halde innreiinga fin.

- Men så har eg heller ikkje hatt småungar på besøk enno, ler Thomas.

Reine flater

Kjøkkensjefen vil ha reine og ryddige arbeidsflater. Det var difor ikkje aktuelt med noko anna enn integrert kaffimaskin og romslege skap der kjøkkenmaskiner kan stuast vekk.

Det er ca eitt år sidan 28-åringen flytta inn i sin splitter nye heim i Grimsethmarka i Naustdal. Tomannsbustaden vart til i lag med eit vennepar. Dei fekk arkitektteikna huset og etter ein lang prosess og mykje eigeninnsats stod den nye heimen ferdig.

Thomas var aldri i tvil om at han ville prioritere pengar og plass til kjøkkenet.

- Eg likar å samle vennegjengen, å arrangere ting. I fjor var vi 15 stk her på julebord. Det er gjerne på kjøkkenet ein blir sitjande, og difor har eg prioriert god plass og mykje vindauge her.

Thomas har pussa opp eit gammalt bord heimefrå, og med ileggsplater har det plass til maaange. Taklampene er og tilpassa flittig bruk av langbordet.

MANGE RUNDT BORDET: Plasseringa av taklampene viser at Thomas likar å samle mange rundt langbordet.

Interiøret i den flotte tomannsbustaden er ein god miks av nytt og gammalt.

- Eg synest det er viktig med gjenbruk og synest det er kult med retromøblar. Sofaen i stova har eg med meg frå tida som kokkelærling, og i tillegg har eg tatt med meg ein gammal TV og møblar heimefrå. Det vil gjerne bli bytta ut etterkvart, for når eg gjer investeringar vil eg ha det skikkeleg. Men dei gamle sofaene er jo ofte best å sitte i!

Eigne tomatar

På bestefars gamle komode står tomatplantar der dei alle første tomatane er i ferd med å få raudfarge. - Med eige hus kom og interessa for grøne vekster, eg ser for meg at det blir meir grøne plantar her etter kvart, fortel Thomas.

MEIR ENN FJORD: - Fjordutsikt er ikkje alt i Naustdal, seier Thomas. Han set pris på den flotte utsikta innover dalen, i retning barndomsheimen. Heile taket på tomannsbustaden er ein diger takterrasse.

- Det er fint å ha sitt eige hus. Her har eg fått det slik eg vil ha det og det er kjekt å invitere vennegjengen til sosiale lag. Eg har ikkje noko behov for å flytte på meg, seier Thomas.

NYTT OG MODERNE: Tomannsbustaden i Grimsethmarka ligg fritt og fint på ei lita høgde. - Den gamle skytebana i Naustdal låg her, så vi satsa på at det skulle vere vindstille, smiler den ferske huseigaren.

Vi hjelper deg med kjøkkenet!

Treng du hjelp til å friske opp kjøkkenet ditt? Snakk med Margrethe og Leif-Helge i Sigdal-butikken vår på Halbrendsøyra i Førde.