Fokus på dei lekre detaljane

Fokus på dei lekre detaljane

Har du sett Sigdals kjøkkenmodell Signatur Favn? Her er det mange lekre detaljar. Du kan sjå modellen utstilt i butikken vår!

LAG DIN VRI: Er du på jakt etter eit stilreint og moderne kjøkken, bør du komme innom oss og sjå Signatur Favn. Her er det flust av løysingar og kombinasjonar å velge i.

Signatur Favn har naturens former i fokus. Tanken er at kjøkkenet skal gi deg same ro og harmoni som eit besøk i naturen sjølv.

Naturens inspirasjon har ført til fleire spennande nyheiter. Dører, benkeplater, handtak og detaljar som gjer at du sjølv kan utforme ditt eige Signatur Favn eksakt slik du vil ha det.

Bølge vitrinedør med svart ramme

Designa etter mønster i ringar i vatnet. Det bølga glaset gir kjøkkenet liv.

Runde former

Inspirert av natuens organiske linjer har gitt innreiinga ein avrunda look, som på denne kjøkkenøya. Det gir ein heilskap og er levande og innbydande.

Bølge, beisa i fargen nøtt

Rilla front i brunbeisa farge. Til Signatur Favn er det designa ein ny grepsserie i brunbeisa eik. Desse naturlege og elegante grepa kjem i ulike breidder, tilpassa frontane.

Sokkel signatur

Det nye, vakre sokkeldesignet løfter kjøkkenet og utgjer ein perfekt kombinasjon med nye skapdører og skrogløysingar. Horisontale trelamellar gir kjøkkenet ei gjennomført form.

Signatur Favn fungerer både i det store klassiske bondekjøkkenet og i meir kompakte bykjøkken. Med utheva ramme rundt kvart skap kan ein både få eit variert uttrykk og tydelege seksjonar.

Vil du vite meir?

I kjøkkenbutikken vår kan du sjå Signatur Favn utstilt, og finne den løysinga du er på jakt etter saman med Margrethe.